Spettut orm med tungur tvo,
kvass bust-igel, krjup kje her!
Øle, staal-orm, fara no,
kom vaar alvemor ei nær!

Alle alvene:

Maaltrost, syng med tone full
du med oss vaart bysselull:
bysse, bysse, bysselull,

ei maa vald,
ei heksegald

faa vaar dronning ottefull;
so god natt og bysselull.

Ein annan alv:

Ingi kongrov vil me sjaa,
langbeint vevekjering, gakk!
Svart tordivel, burt her fraa,
burt med snigil og med makk!

Alle alvene:

Maaltrost, syng med tone full
du med oss vaart bysselull:
bysse, bysse, bysselull,
bysse, bysse, bysselull,

ei maa vald,
ei heksegald